Artikkel i Klassekampen, 17.03.1988

Av SVEIN LUND, MÅLØY

Full bompengeretrett i Vågsøy

Formannskapet i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane vedtok tirsdag å gå mot at utbedringa av riksveg 15 skal finansieras med bompengar. Dette er total kuvending i forhold til i august -86, da bare RV gikk mot i kommunestyret.

Det er ein brei motstand i lokalbefolkninga som har pressa fram kuvendinga.
Riksveg 15 langs Nordfjorden frå Nordfjordeid til Måløy er svært smal og dårlig, og ingen er usamde i at det trengs ei kraftig utbetring. Spørsmålet er kven som skal betale. A/S Riksveg 15 har foreslått at utbygginga som vil koste vel 50 millionar skal finansieras gjennom å kreve inn 150 millionar i bompengar. Det blir så dyrt pga. renter og innkrevingsutgifter.
Det er fem kommunar som har nytte av denne vegen, og hausten 1986 gikk alle kommunestyra samrøystes inn for bompengefinansiering, med unnatak av dei to RV-representantane i Vågsøy. I februar var Stortingets samferdselskomite på besøk og sa dei og ville gå inn for bompengeprosjektet. Den einaste som var skeptisk var Hanna Kvanmo. Ho var prinsipielt mot bompengar for slikt sa ho, men ville likevel gå inn for det ettersom det tydeligvis var så stor semje i lokalbefolkninga.

Aksjonskomite

Men det ville ikkje folket i Måløy ha sittande på seg, og ein aksjonskomite gikk på besøk til alle husstandane i kommunen og spurte kva dei meinte. Resultat: 7 prosent for bompengar, 93 prosent mot.
På siste kommunestyremøte hadde RV interpellasjon der vi kravde folkeavrøysting, fortel Kjell Oldeide, gruppeleiar for RV i Vågsøy kommunestyre.
Saka blei sendt over til formannskapet, og når dei no skrinlegg heile prosjektet er det det samme resultatet ei folkeavrøysting ville gitt. Det er Måløy kommune som vegen betyr mest for, og med dette ryk heile bompengeprosjektet.

- Korleis har det vore moglig med ein slik total snu?
- Den viktigaste grunnen er den enorme motstanden folk lokalt har vist, både gjennom massemedia, og takka vere den kjempeinnsatsen den lokale aksjonskomiteen har gjort. RV var først på banen og protesterte prinsippielt. Men det er ikkje først og fremst vi som skal ha æra. Det skal den tverrpolitiske aksjonskomiteen.
Dette er ikkje ei sak bare av interesse for Vågsøy kommune og nabokommunane. Det viser at kommunestyra er villig å gå mot el heil lokalbefolkning, om ikkje dei blei pressa til å snu. Dette hadde blitt ein prøvestein på å få gjennom bompengefinansiering av riksvegar i heile distrikts-Norge.

- Kva vil så skje no, blir det noka utbetring av vegen?
- I vedtaket frå formannskapet heiter det at ordføraraen skal ta kontakt med dei andre berørte kommunane for å få rusta opp vegen med andre måtar enn bompengar. Nokon i fylket går inn for å ta pengar frå eit vegprosjekt i Sogn og flytte hit. Men det vil vi gå imot i fylkestinget. Vi må sende rekninga til staten. Det heiter jo riksveg.


Til hovudsida.

sveilund@online.no