Artikkel i Klassekampen, 09.03.1988

Anmelder politimann for falsk forklaring

Den første dommen har nå falt i rettssakene mot dei som demonstrerte mot USAs utanriksminister Weinberger i mai ifjor. Olaf Svorstøl blei dømt til 14 dagars ubetinga fengsel for at han skal ha slått ein politimann med ei flaggstang. Svorstøl og hans forsvarer vil nå anmelde politiaspirant Stein Helge Øygarden for falsk forklaring.

Av SVEIN LUND

Etter denne dommen er openbare falske forklaringar anerkjent som bevis i retten, bare dei kjem frå politifolk.

«Rettsfarse» kalla Klassekampen det under rettssaka i førre veka. Blant vitna var nazi-forbrytaren Petter Kristian Kyvik og tre politimenn som begge forklarte seg i strid med tidligare forklaringar. Ein hadde før sett at Svorstøl slo, nå hadde han ikkje sett det. Ein annan hadde først ikkje sett det, men nå hadde han sett det.

I domspremissa blir det sagt at det ikkje er tatt omsyn til dei sprikande forklaringane frå politifolka, da det ikkje er nokon grunn til å tvile på at dei er pålitelige(!) Dommen var samrøystes, og i samsvar med påstanda frå aktor. 14 dagar er minimumsstraffa etter loven for vald mot politiet. I tillegg må Svorstøl ut med 2000 kroner i saksomkostningar.

— Eg er djupt sjokkert, seier Olaf Svorstøl. — Med dette har eg mista dei siste illusjonane mine om norsk rettsvesen. Dette er ein bevisst politisk dom. Dette viser kor viktig det er å styrke den anti-imperialistiske kampen, og eg vil gjerne nytte høvet til å seie at nå må kommunistane bli flinkare å delta i anti-imperialistiske markeringar.

— Vi kjem til å anke denne dommen til lagmannsrett, seier forsvararen til Svorstøl, Helge Lochner. — I tillegg vil vi anmelde politiaspirant Stein Helge Øygarden for falsk forklaring. Under rettsaka sa han at han så at Svorstøl traff politimannen, mens han under ei tidligare forklaring sa at han ikkje så det.

AKP(m-l) sendte i går ut ei fråsegn der dei tar sterkt avstand frå dommen, og seier: — Dommen er svært alvorlig. Den åpner for at politiet fritt kan endre sine utsagn uten følge for rettens utfall. Dommen vil med største sannsynlighet bli brukt av politiet under forfølgelse av politiske demonstranter.


Til startsida

sveilund@online.no