Innlegg sendt Klassekampen 23.02.2017

Vi treng eit alternativ!

Daglig blir vi mint om dei mest hårreisande vedtak og handlingar frå den blåbrune regjeringa. Det er så mange at det er vanskelig å velge, men her er eit lite utval, som kvar for seg kunne vere argument nok for å få regjeringa bytta ut ved valet til hausten:
– Regjeringa har bevisst og systematisk arbeida for å forverre forholdet til vår nabo Russland, noko som er ei fare for verdsfreden og riv ned alt samarbeid som er bygd opp dei siste par tiåra.
– Regjeringa vil tømme oljereservene, i strid med internasjonale klimaavtalar og med stor risiko for katastrofale verknadar for fisk og fiskeri i Lofoten og Barentshavet.
– Det skal satsast stort på mineralutvinning med avfallsdumping, utan omsyn til verknadar for naturen på land og i sjøen, reindrift og fiskeri.
– Oppdrettsnæringa skal mangedoblast, trass i allereie enorme skadeverknadar for kystfiske og villaks.
– Kommunar og fylke skal samanslåast med tvang. Det same gjeld for ei rekke statlige organ.
– Regjeringspartia ønsker fortsatt å bruke EØS-avtalen til sosial dumping og fjerning av faglige rettar.
– Folk som innvandra til Noreg for 27 år sidan blir kasta ut med barn og barnebarn fordi ein byråkrat i UDI trur dei ga feil opplysningar da dei kom til Noreg i 1990. Dette er eit direkte resultat av ekskluderingsministeren sin ordre.
– Løyvingar til samisk språk og kultur blir skore ned for kvart år.
– H og FrP vil privatisere mest mogleg, frå jernbane og sjukeheimar til søppeltømming

Lista kunne vore gjort mye lenger, det er bare spalteplassen som set avgrensingar. Derfor må vi få ei ny regjering! Men kva er så alternativet? Det er noko uklart kva parti som vil bli med, men uansett vil alternativet vere ei regjering dominert av Arbeiderpartiet, som i all hovudsak vil føre dette partiet sin politikk, sjølv om evt. Samarbeidspartnarar kanskje kan bremse litt på nokre område. Det som da er interessant for velgarane å vite er: Vil ei Ap-dominert regjering endre noko vesentlig på politkken?
– Tidligare Ap-statsminister Stoltenberg er no NATO-sjef og går fullt inn for opprustning til krig mot Russland, og står aktivt bak norsk deltaking i krigar som Libya og Syria.
– Ap er minst like ivrige som H for norsk oljeutvinning, og olje-lobbyen er no leia av tidligare sentral Ap-politikar Schjøtt Pedersen.
– Ap sitt bidrag til mineralnæringa er å kritisere regjeringa for ikkje å gjøre nok for å få igang fleire gruver. Partiet er konsekvent for dumping i sjø.
– Ap har no hamna på at dei er mot tvangssamanslåing av kommunar, men går generelt inn for samanslåingar og sentralisering. Ingen parti har sentralisert meir enn Ap.
– Ap er sjølve hjernen bak EØS-avtalen som har sosial dumping som eit av hovudprinsippa.
– Ap har også gått inn for ein streng innvandringspolitikk og har stått for hårreisande utkastingar. Noko stor endring er ikkje i vente.
– Ap er partiet som vil svekke samane sin kamp mot inngrep i samiske område, med å fylle Sametinget med folk som støttar gruve- og kraftpolitikken til Ap/H/FrP. .
– Ap er partiet som privatiserte Statoil og Telenor.

Eg har leita og leita etter gode grunnar til å røyste på eit „raud-grønt” alternativ til hausten, men eg finn det bare om eg ser på politikken til den noverande regjeringa og lar vere å sjå på kva desse partia gjorde sist dei hadde makta, og kva dei har gjort og ikkje gjort i opposisjon. Eg vil med dette oppmode SV, Raudt og Klassekampen til å fortelje kvifor dei meiner at ei Ap-dominert regjering er verdt å kjempe for. Vi treng eit alternativ, men da må det vere ein alternativ politikk, bl.a. på dei områda som er nemnd, ikkje bare nye folk på taburettane.

Svein Lund
Raud og grøn
sveilund@online.no


Til startsida

sveilund@online.no