Artikkel i Klassekampen, 1988

EIN GANSKE ALMINNELEG AKP-FAMILIE?

Å oppheva kvinneundertrykkinga betyr å avskaffa familien, arbeidsdelinga mellom mann og kvinne, privateiegedommen og marknaden, står det å lese i AKP(m-l) sitt prinsipprogram. Men enn så lengje er nok «AKP-familien» og ein høgst levande realitet.

I samband med at partiet no annonserar iherdig etter fleire medlemmer har Klassekampens medarbeidar drista seg over dørstokken til ein av dei — orsak — familiane som i kvardag og fest arbeidar for både dagskrav og langsiktige, sosialistiske mål her i Kongeriket. Det er Vigdis Korsnes Rosland, 37 år og trykkeriarbeidar og Øystein Røsland, 40 år og lærar, som ønskjer velkommen til bustaden på Monsbakken i Alta.

La oss følgje tradisjonen og starta med Mannen: Han er nyvald kommunestyre medlem for RV, leiar og hovudtillitsvald i lærarlag, landsstyremedlem i Norsk Lærarlag og er kjend for å selgje Klassekampen i godver og regn, snøstorm og tåke.

Ein gift mann med slike fritidssysler må vel ha ei kone som ofrar seg for hus, mann og barn og ikkje har tid å stelle med politikk?

Ikkje nett det. Mor i huset var 3. kandidat på fylkeslista til Finnmark RV, ho er fylkesstyremedlem i RV og varamedlem til landsstyret, leiar for Studieforbundet Ny Verden i Finnmark, leiar for Finnmark Sangerlag og er aktiv songar i Visegruppa Børst og i Altakoret.

Så må dei i alle fall vere barnlause for å dette til ? Ikkje akkurat det. Dei har fire. Men å få laga eit intervju med dei i lag var lettare sagt enn gjort. Vigdis skulle vere heime frå møte i 9-tida, men klokka blei både 10 og 11. — Heilt typisk, seier Øystein. Alt første gang eg skulle stevnemøte med ho kom ho l time for seint. I 20 år har eg angra på at eg venta den timen, prøver han seg. Ikkje før er den tradisjonelle ektemannsfleipen uttalt, så kjem ho. - No, har du venta?

Dei siste 8 åra har familien vore busett på Monsbakken i Alta med Øyvind (19), Jakob (18). Bjørnar(15) og Karl Fredrik (12). Denne hausten har dei to eldste flytta ut for å gå på skole.

Med opne kort

— Vi må spele med opne kort, seier Øystein. Vi i AKP har altfor lett for å kriminalisere oss sjølve. Det einaste som nyttar er å hevde eins demokratiske rett å vere AKPar på linje med alle andre meiningar. Og nå må vi styrke partiet om ikkje den framgangen RV har hatt i dei to siste kommunevala skal stoppe opp.

— RV i Alta auka frå 88 til 174 røyster med samme listetopp som sist. Kor kjem så framgangen frå ?
— Det nyttar ikkje med sklppartak, det trengs jamnt arbeid over mange år. Vi har heile tida brukt Klassekampen som «lim». Avisa bind saman arbeidet vårt. Andre ting kan blomstre opp og dette ned, men Klassekampen kjem kvar dag. Avisa bør og seljast kvar dag. Det byrja vi med under Altakampen, og har gjort mesteparten av tida sidan. , .

Kristen og UH

AKP-familien» har ikkje alltid vore AKP-familie.
— Da vi traff kvarandre i Hammerfest 1967 var eg med i Unge Høgre, fortel Vigdis, som kjem frå Storekorsnes i Altafjorden, der faren dreiv fiskebruk og forretning. Mens Øystein kom frå ein arbeidarfamilie på Osterøya i Hordaland og starta med å stemme Arbeiderpartiet.
— Men så byrja eg på lærarskulen og kom i kontakt med AKP-arar. Og da fann eg ut at dei meinte akkurat det samme som meg. Så like etter partiet var danna i 1973 blei eg med.

Det gjorde ikkje Vigdis. — Eg var personleg kristen. Men etter kvart kom eg til at Jesus og kommunistane ville det samme, ei bedre verd for alle. Så eg byrja å lytte meir til dei radikale. Men det blei jo nokre konfliktår. Siste ungen måtte eg dra aleine med til kyrkja og døpe, Øystein sat att heime. Vi diskuterte mye da eg var kristen, til slutt hadde eg ikkje argument igjen.

Vise-bølgja

Sunge har Vigdis gjort i alle år. Enten det var i kyrkjekor eller visegrupper.
— Den nordnorske visebølga på 70-talet hadde veldig mye å seie. Vi måtte ta eit aktivt standpunkt til det vi sang om; EF, 50-milsgrensa, Alta-utbygginga. Eg organiserte konsertar for Folkeaksjonen, men heldt meg lenge unna alt direkte politisk organisasjonsarbeid. AKP trudde eg var for dei intellektuelle / dei som hadde lese alle bøkene av Marx og Lenin. Dei har eg aldri fått lest. Eg kjende meg ikkje kompetent til å vere med, og så hadde eg ikkje tid. Den som mest fikk meg til å bli med, var Jon Michelet. For nokre år sidan var han Finnmark på verveturne for AKP og budde hos oss. Eg sa eg likte best å vere i bakgrunnen og stelle og bake. Han argumenterte mot meg. Og for to år sidan slo eg til og blei med og det har eg ikkje angra på. — Det eg har lært i sang- og musikkorganisasjonar har eg dratt med meg inn partiet. Og omvendt. Bøllekursa har hjupe meg å kunne stå fram f .eks på landsmøte i korforbundet; Eg hugsar første innleiinga eg hadde i partilaget, det var om korleis vi kan bruke kulturen i kampen. Det var bra at eg fikk bruke det eg kunne. Når eg først kom innafor såg eg at det var mange som ikkje kunne meir enn meg.

Øystein: — Vi har eit partilag som er veldig praktisk retta. Ofte er det dei nyaste medlemmene og dei som er minst teoretisk interessert som har mest å tilføre. Vi har oppsummert at utan dei nye ville vi vore ein traurig gjeng. ' Vigdis: — Eg føler at vi jentene blir hørt. Guttane bakkar oss opp og rekrutterer til bøllekurs.

— Med ein ulik aktivitet, korleis blir det plass for å ta seg av ungar og hus ?
Øystein svarar først: — Vi føler at vi har ein basis, som gjer at vi kan bruke tid på politikk. Først må vi vite at ungane har det bra. at dei har ting å drive med som interesserer dei. Samtidig som vi gjerne vil gi vidare til ungane verdiar som vi trur på, har vi aldri gått inn for å klone dei. Så vi har stilt opp for det dei ville, sjølv om det var Søndagsskolen og Ten-Sing. Nå har dei heldigvis kome på andre tankar. Nå går det mest på sport; svømming, skøyter, fotball og handball.
— Det har blitt nokre kaker til kakelotteria til alle idrettslaga gjennom åra, seier Vigdis. Var var Øystein aktiv mens eg dilta med. Da eg blei meir aktiv var vi nøydd til å setje andre krav til husarbeidet. Nå er det ikkje like reint alltid, men vi bergas nok. Vi ryddar huset med søppelsekk 2. kvar månad! Og så har vi kjøpt oppvaskmaskin. I den grad nokon gjør noko her i huset, er arbeidet jamnt fordelt. Frå eg byrja å arbeide ute for 8 år sidan har alle gutane hatt sitt faste ansvar i huset. Utan det hadde det ikkje gått. Gutane har lært å lappe klede, men faren er det verre med!

I huset på Monsbakken er det ingen ting som heiter "det passar ikkje" når folk kjem på besøk og ingen ting som heiter "vi har ikkje plass" når nokon treng overnatting.
— Det har nok hendt naboane trudde vi var tørna, seier Vigdis. Ein gong budde heile teatergruppa Saltkompaniet her, 8 stykker i 14 dagar. Dei øva i hagen, flaksa rundt som fuglar på store stylter. Det gjeld berre å ikkje stresse seg opp om det kjem folk. Det har hendt at gjestene har måtte bake ut brøda for oss, men det gikk jo bra det og.

Oppløys familien?

—Kva syna de om parola «oppløys familien?
— Den likar eg ikkje, svarar Vigdis med ein gong. I alle fall dersom det er meininga at vi skal gå til kvar våres kant. Men å få fleire oppgaver ut av familien, det er eg absolutt for. Det er viktig å tore å overlate ungane til andre innimellom. Skille oss? Det har vi ikkje hatt tid å diskutere! Nei, alvorlig talt: ekteskapet blei mye bedre etter at eg og blei aktiv i organisasjonsarbeid. Men det er klart at vi har våre diskusjonar.
— Krangler, rettar Øystein.
— Eg meiner huset skal vaskast av og til, seier Vigdis, og paret demonstrerer spontant ein husleg diskusjon / krangel som ein kunne ha mistanke om at mange lesarar er vel kjent med.

Ein livsstil

— Mange er redde for å bli med i AKP, dei ventar at det blir stilt for store krav til dei. Kva synes du, Vigdis, er det for forpliktande å vere medlem?
— Eg syns ikkje det. Det er bra å ha eit press. Det gjev meir ansvar.
— Det burde heller vore krevd meir av partimedlemmane enn det blir idag, seier Øystein. Tendensen er at det blir stilt for låge krav til medlemmane.
Vigdis: — Men ein må gi oppgåver innafor det ein evnar. Og så vil eg gjeme ha sagt ein ting: AKP treng å bli minna om at vi må bruke kulturen i kampen. Musikk skaper eit fellesskap som vi kan byggje vidare på. Om vi bare isolerer oss innafor våre rekker blir vi sneversynte. Vi må vere der folk er og vere oss sjølv utan å slå folk i hovudet med parolar...

I ALTA: SVEIN LUND.


Til startsida

sveilund@online.no