Svein Lund
I det lengste trudde eg at også AKP var interessert i dette. Her synte det seg at eg tok skammelig feil. Tirdag 19.februar blir leiar og sekretær i AKP intervjua, og leiaren erklærer: "– Jeg er begeistret for alt vi gjorde". Tydeligare kan det ikkje seiast: AKP har ingen ting lært og vil ingen ting lære av dei feila som partiet gjorde. Dette sitatet er dessverre typisk for artikkelen. Begge partileiarane gjør så godt dei kan for å vri seg unna feila. Spørsmålet om totalitær og udemokratisk organisasjon blir avfeidd med: "– Mye av 1970-tallets garnityr måtte forsvinne. Jeg ser det som en begynnelsesperiode, en ungdomsbevegelse vil med nødvendighet gjøre feil." Dei grunnleggande udemokratiske feila, som tilslutning til Sovjet/Kina-modellen med eit statsbærande kommunistparti, der det ikkje skulle vere lov å organisere opposisjon verken innafor eller utafor partiet, er det ikkje meir alvorlig enn eit uttrykk for "70-åras garnityr"? Dette var programfesta som eit av hovudprinsippa i partiet sitt arbeid. Om eg ikkje hugsar heilt feil, var det i AKP sitt program av 1976 det sto: "Arbeidarklassen utøvar si leiande rolle under sosialismen gjennom partiet."
"Vi har lagt fra oss det nå, ja allerede tidlig på 80-tallet var det umulig å tilbakekalle den tida, sier Asgeir Bell." Joda, AKP har i siste halvdel av partihistoria vore flink å framheve at ein har lagt dette bak seg. Men dei har konsekvent unnlatt å fortelle at dette ikkje skjedde utan kamp, og at partileiinga alltid heldt igjen. Og at dei aller fleste av dei som reiste kampen for at AKP skulle bli eit demokratisk parti innad og utad, dei ga opp etter kvart og meldte seg ut. Ein stor del av dei heldt fram kampen for demokrati og sosialisme, innafor RV, SV eller som uavhengige. Det gikk minst 3 bølger av offentlige utmeldingar på nokonlunde det samme grunnlaget, før leiinga og fleirtalet i AKP tok eit meir eller mindre heilhjarta oppgjør med eittpartistaten, med stalinismen og (delar av) maoismen. Før det gikk så langt, hadde leiinga konsekvent heldt igjen, og forslag om oppgjør med Stalin, fjerning av (m-l) i partinamnet osv, var røysta ned på landsmøte før dei endelig blei vedtatt. Kva er vitsen med å trekke fram denne gamle historia i 2003? Jo, dersom AKP sjølv skal lære av historia, er første føresetnaden at leiinga tar oppgjøret med den udemokratiske tradisjonen på ein truverdig måte. Det gjør verken Jorun Gulbrandsen eller Asgeir Bell i dette intervjuet. Heile tida forsøker dei å bagatellisere feila i fortida, slik Bell gjør når han omtaler AKPs støtte til Stalin: "Vi hadde jo kjempedebatter om Stalin for eksempel, på 1970-tallet. Det vi gjorde var å ta stilling for Kinas kritikk av Sovjet, at vi var enige med Mao i «Den store polemikken». Min mening er at Stalin tas fram som emblem for å slå ned på et kommunistisk parti, sier Bell."
Slik vrir han seg elegant unna det faktum at AKP i sitt første tiår baserte
seg på ein stalinistisk teori og praksis. For mange medlemmar var det nok
slik at dei godtok Stalin ut frå at han blei sett på som ein motpol til Sovjet
under Bresjnev. Men dette held ikkje, for leiinga for ml-rørsla gikk mye
lenger enn som så: Allereie SUF(m-l) ga ut hefte om historia, der hovudlinja
var å forsvare Sovjet under Stalin, anten det gjaldt Moskvaprosessane, Den
spanske borgarkrigen eller opprøret i Warszawa-ghettoen. Og dei stalinistiske
partia på 70-talet blei forsvarte enno meir konsekvent. Mens Stalin og SUKP
blei innrømma visse feil, skulle dei statsberande partia i Kina og Albania
forsvarast i alt. Det var eit prinsipp at ein ikkje offentlig skulle kritisere
parti som AKP(m-l) hadde partisamband med. Konsekvensane av dette blei fatale,
ein endte som forsvarar av Kinas undertrykking av Tibet, av forbod mot homofili
og abort i Albania, for ikkje å nemne Kambodsja.
Har vi lov å glømme dette? Har vi lov å stikke det under ein stol? Dagens
AKP-leiing meiner tydeligvis det.
Det er allereie gått eit tiår sidan nokon i AKP foreslo å danne eit nytt parti, ut frå AKP, RV, mindre revolusjonære grupper og uavhengige. Dette skulle skje på revolusjonært grunnlag, men ut frå eit grundig og konsekvent oppgjør med den udemokratiske tradisjonen innafor leninismen - stalinismen - maoismen. Dette stoppa på at AKP ville halde på sin eigne organisasjon. Sjølv meinte eg det ville ha vore rett den gongen, og eg meiner det framleis i dag. Kva har vi fått no: Jo, på eine sida eit mini-mini-rest-AKP som forsøker å unngå oppgjøret med å påstå at dei allereie har tatt det. På andre sida eit RV som er "Noregs mest parlamentariske parti" og konsentrerer det aller meste av arbeidet rundt parlamentariske organ og vala til desse, som om det var der politikken og framtida blir avgjort. Sjølv finn eg meg ikkje heime i nokre av desse.
Når eg ser kor lite dagens AKP-leiing har lært, syner det enno klarare at ei fornying av den revolusjonære rørsla vil måtte skje med senter utafor AKP. Spørsmålet er om AKP i det heile vil vere med, eller om rest-AKP har tenkt å isolere seg i seg sjølv. Eg vonar i det lengste at det finst meir fornuft og evne til kritisk omvurdering i AKP enn dette intervjuet gir uttrykk for. Men så langt lovar det ikkje godt.
Til startsida